Logo

Ukens selger: Tiril Hauan - Draumspel Bilete

Bilde 1 Bilde 2

Besøk butikken: Draumspel Bilete

Den vakre hverdagen - Tiril lar seg inspirere av både de små øyeblikkene og de store kontrastene i livet.

Fortell om deg selv, hvem er du?
Eg heiter Tiril, eg er 26 år gamal, og eg har vakse opp i sørlandsbyen Flekkefjord. Dei siste åra har eg budd og studert i Bergen, men no er meg og sambuaren min på jakt etter eit lite sjarmerande og gamalt hus i Stavangerområdet som me kan pussa opp med kjærleik og gjera til ein heim.

Hvordan kom du inn på 'den kreative løpebane'?
Eg har kappsprunge på den kreative løpebanen så lenge eg kan hugsa. Då eg var born gjekk det i sying av puter, lappetepper, kler, dukar og liknande, eg laga òg tøytulipanar og julekuler av tøy til heile familien i julegåve, og forsynte bekjente med havinspirerte bryllupsbordkort av drivved. I ungdomstida dreiv eg mykje med musikk, eg er framleis glad i å syngja og spela piano (men helst når ingen høyrer på). Skriving er ei anna uttrykksform som alltid har tydd mykje for meg. Fotografering begynte eg med for alvor for omlag 4 år sidan, men fotointeressen har lege og ulma i lang tid før det. Når eg endelig kom i gang med fotografi var det som om eg hadde oppdaga ein løyndom; korleis fanga det vakre i kvardagen og bevara det, og eg ville berre ta bilete heile tida. Det vil eg eigentleg fortsatt.

Hva inspirerer deg?
Menneske, dyr (særleg min kjære golden retriever Baldur), dei store kontrastane i livet, draumar, eventyr, ektheit, mosemjuke fløyelskogar, havet, morgonljos, musikk, frekner, reiser, uhemma latter, gjenstandar med ei historie, å gå på skattejakt, tåke, poesi, langt, fritt hår som syng i vinden, alt det vakre, og kjærleik som lagar eigne vegar.

Hva er tanken bak det du lager og hva er viktig for deg når du lager noe?
Det som er viktigast for meg, er at det eg skapar gir gjenklang i nokon, korleis den kling er mindre viktig.

Hva er ditt beste tips som designer, håndverker eller kunstner? noe?
Tru på deg sjølv, oppsøk inspirasjon der du finn han, ingenting er for rart eller uviktig, alt begynner ein plass. Ikkje tenk at alt du skaper treng å definere deg, men tør å drøyma dine eigne drøymar, ikkje ber på nokon andre sine.

Hvilke store og små drømmer har du?
Eg drøymer om så mangt; om å dra til ein fjellandsby i Frankriket, å skriva ei bok, om å bu på ein gard og ha fire hundar og ein islandshest, men nærmast er vel draumen om eit lite, gamalt Stavangerhus som ligg i eit brusteinssmau og har roser i bakgarden, og kanskje til og med eit mørkerom til framkallling i kjellaren? Og vår; akkurat no drøymer eg om vår med kvitveis, nyslått gras, ballerinasko og femtitalskjolar.

Hvilke tre butikker er dine favoritter på Epla, og hvorfor?
Carambatack Design - Desse er så utruleg vakre og eventyrlege, eg skal ha eit par på arbeidsrommet mitt så snart eg får eit!
mini torske - Ikkje berre er det heimesydde, nydelege kjolar, men dei er i tillegg laga av gjenbruksstoff! Og så med tyll på!
Tasty - Åh, tenk å få ha ein nydeleg blåblomstra tekopp rundt halsen og ostekakeøyredobbar; til å lyse opp ein elles grå marsdag og minna ein om at snart, snart er det vår.

Hvilke råd vil du gi til andre som vil åpne butikk på Epla?
Viss du (som eg gjorde) går og lurer på om du tør eller om du er flink nok eller om det kjem til å gå, så er det faktisk ikkje noko å lura på i det heile teke – berre gjer det! Ta fine bilete (bruk naturleg lys, ikkje blits), ha ei delikat innpakning, ver høfleg og snill og finn ut kor moro det er å ha Epla-butikk! Eg vert så Glad kvar gong eg får inn ei ny bestilling at eg smiler meg gjennom resten av dagen!

Draumspel Bilete har no nett fått ei side på Facebook for dei som vil følgje med der.