Logo

Ukens selger: Sahra Torsvik - Laterna smykker

Bilde 1

Besøk butikken: Laterna smykker

Uti havgapet lages de vakreste smykker i sølv; naturen er Sahras inspirasjonskilde!

Fortell om deg selv, hvem er du?
Namnet mitt er Sahra Torsvik, 35 år. Eg kjem frå Øygarden kommune som ligg i Hordaland fylke. Øygarden ligg heilt vest i havgapet og består eigentleg av mange små øyer. På ei av desse øyane bur eg saman med sambuar og fem born. Eg har studert historie og arkeologi og har arbeidd på museum dei siste åra, fram til eg fekk siste barnet. Akkurat no er eg heime med henne, men skal snart ut på arbeidsmarknaden igjen.

Hvordan kom du inn på 'den kreative løpebane'?
Frå eg var lita har eg fått lov å utfolde meg fritt heime, mor mi har alltid vore svært kreativ og som liten var det spennande å følje med når ho mala på porselen, strikka, hekla, saga, hamra, eller slipte stein. Eg fekk mykje gratis der kan ein sei. Far min har vore sjømann heile livet og når han kom att frå sjøen fekk me høyre spennande og morosame historier frå framande og eksotiske land, sidan den gong har eg alltid hatt ei trong til å reise ut i verda for å få inspirasjon og oppleve noko nytt. Eg har laga smykke sidan eg var liten, arva mykje krimskrams frå eldre slektningar og det var kjekt å ta alt frå kvarandre og setje det saman på ein ny måte. I seinare tid har eg tatt eit kurs i sølvlodding hjå Smykkeskolen og då opna det seg ein heilt ny smykkeverden.

Hva inspirerer deg?
Natur, særleg blomar. Eg er ein hage entusiast, ein skikkeleg amatør, men det er utruleg kjekt når du får det til! Særleg begeistra er eg for nostalgiske roser som duftar godt. Eg set stor pris på menneskjer som er unike, morosame, kreative, hjelpsame og greie, slik som sambuaren min som laga “smio” til meg, berre fordi han visste det ville gjere meg glad. Har alltid vore glad i stein, ikkje berre fargerike, verdifulle steinar, men også gneis og granitt som me har mykje av her heime. Særleg steinar som har vorte runde og glatte av bøljer som slår mot fjøresteinane tykkjer eg er vakre. På tur tar eg heller med meg heim ein stein enn alt det merkelege som vert selt til turistar som suvenir. Eg samlar steinane på norgesglas og kan glede meg over minner frå fine turar.

Hva er tanken bak det du lager og hva er viktig for deg når du lager noe?
Målet mitt er å lage fine smykke som gjer deg glad, som ein vil ta fram og bruke gang på gang og som kan gå i arv. Det er noko vakkert over gesten å gi, særleg viss det er noko som har ein historie og som har vore til mykje glede.

Har du en håndlaget ting du er spesielt glad i? Hva er historien til denne tingen?
Bunaden min er eg svært glad i. Mor mi har sydd og brodert mesteparten, ho har til og med vevd kantbånda. Nokre av søljene eg bruker er over hundre år gamle. I tillegg er eg glad i symaskina mi. Den er ikkje handlaga, eg fekk den av far min i 12 års alderen og lurte vel eigentleg på kva eg skulle med den…. Det tok ikkje lang tid før eg fann ut av det, og sidan den gong har eg fått utruleg mykje glede av den.

Velg ut tre ting fra butikken din og fortell hvorfor du liker dem så godt.
Spøkjelse smykket laga eg med tanke på eldste dottera mi, det var utruleg rart å bli mamma fyrste gong, det er det vel for dei fleste av oss... Plutseleg er det eit menneskje der som betyr så uendeleg mykje meir enn deg sjølv, og som er hjå deg i tankane heile tida (som eit lite spøkjelse) det er ganske fantastisk og sprøtt. Sidan den gong har eg fått to til, tre fine spøkjelse til saman.

Kjærleiksgreina tykkjer eg er eit fint smykke, eg likar det enkle utrykket. Det er fint å ta med seg namn, datoar, stader eller ord som betyr noko for deg i eit smykke, ut i kvardagen. I tillegg kan det formast på mange ulike måtar, difor vil ein få sitt heilt unike og personlige smykke.

Flora ringen er også ein favoritt, den kombinerer sølv, stein og blome, tre av mine favorittar i ein og same ting. Den er enkel, feminin og søt!

Hvilke tre butikker er dine favoritter på Epla, og hvorfor?
Det er vanskeleg å avgrense seg, eg har over hundre epla seljarar inne på mine favorittar og det vil nok auke, det er mykje flott inne på epla no tykkjer eg.

Mirijam H, fordi butikken er så lekker, ho er utruleg dyktig på produktpresentasjon og tar flotte bilete. I tillegg tar ho seg tid til å svare på alt som eg spør og masar om, og har gitt meg mange gode tips om fotografering som har vore til stor hjelp. Tusen takk.

Lin & papir er ein fin butikk med mykje flotte stoffer. Endeleg er det enkelt å få tak i stoff som er økologisk. Jippi.

Grønn såpe har også eit godt utval av økologiske produkt som er fint for oss som har ømtolig hud. Alle som våger å satse litt utanom allfarveg er utruleg modige, og grøn såpe har vist at det går an å få det til.

Hvilke råd vil du gi til andre som vil åpne butikk på Epla?
Godt handarbeid er ikkje alltid så lett å få tak i alle stader her i landet, epla er ein kjempeflott port inn til eit fantastisk utval av fine, unike og handlaga ting. Det er på tide at det gode handarbeidet får kome fram i lyset att. Sjølv vart eg overtalt til å opne butikk her av kusina mi (som er ei perle). Me treng alle nokon som har tru på oss, så det er berre å kaste seg ut i det.