Logo

Ukens selger: Elisa Kolle - Blåbær

Bilde 1 Bilde 2

Besøk butikken: Ulldyr

Elisa setter drømmene sine ut i livet; Eplabutikk med herlige leker i gjenbruksull og ny nettbutikk med miljøvennlig profil!

Fortell om deg selv, hvem er du?
Eg er 34 år gamal, har mann og to barn og bur i eit lite hus i skogkanten med to kattar og ti høner i hagen. Eg har hovudfag i kulturvitskap frå Universitetet i Bergen. For tida har eg fødselspermisjon og er heime med sonen min på åtte månader, men elles jobbar eg ved UiB med informasjon og administrasjon.

Hvordan kom du inn på 'den kreative løpebane'?
Eg har alltid likt å pusle med ting, eg huskar godt kor stort det var å lære å sy på mor mi sin gamle Husquarna eller å vere med far min i naustet og snekre båtar av plankebitar då eg var liten.

Eg er nok i stor grad ein periodesyslar, eg blir fullstendig oppslukt av ein teknikk eller eit materiale og brukar mykje tid og krefter på det ei stund før eg beveger meg vidare til neste felt. Men heldigvis har denne fascinasjonen for ulldyra vart ei stund no, og den ser ikkje ut til å avta heller!

Hva inspirerer deg?
Kanskje først og fremst materiala eg brukar. Eg lagar dyra mine av gamle, tova ullplagg og brukar fine vintagestoffer til detaljar. Det er alltid spennande å gå på loppemarknad eller på brukthandelen for å sjå kva som dukkar opp, finne ulike stoffer og fargar som passar saman.

Eg hentar vel også mykje inspirasjon frå nettet, det er eit enormt stort globalt fellesskap av kreative sjeler der ute som delar idear og erfaringar med kvarandre!

Ei tredje inspirasjonskjelde er dyrebøkene eg har lest tusenvis av gonger for dotter mi. Med mindre du er tre år gamal er det jo fort gjort å gå lei av same boka dag etter dag, så etterkvart har det blitt rein overlevelsestaktikk å bruke lesestunda til å kikke på bilda og fundere på korleis eg kan gjenskape dyreformene i ullfilt.

Hvordan ser en typisk dag ut for deg?
Ofte startar dagen med at eg og vesleguten går og leverar storesøster i barnehagen etter frokost, han sovnar på vegen heim og eg får eit par timar på syrommet. Då gjeld det å nytte tida godt så eg får gjort noko før resten av dagen går med til dei vanlege syslene i eit familieliv.

Eg har stor tru på å inkludere ungane i det me vaksne gjør, slik lærte eg sjølv mykje då eg var liten. Så dotter mi er ofte med meg på syrommet om ettermiddagane eller i helgene, der får ho halde på med sine småprosjekt og ”hjelper” meg med mine. Om kvelden etter leggetid tar eg gjerne ei lita økt igjen. Det blir jo aldri så mykje tid til syinga som eg skulle ønske, så eg prøver å snike litt Blåbærtid innimellom alt det andre. Skal eg for eksempel sjå film, kombinerar eg det med å stappe ulldyr eller klippe ut delar.

Hva er tanken bak det du lager og hva er viktig for deg når du lager noe?
Målet mitt er å tilby unike, fargerike og trygge leiker av naturmaterialer. Det er viktig for meg at tinga eg lagar skal vere forsvarlege ut frå eit miljøperspektiv. Eg vil at ulldyra mine skal vere ei lita motvekt til det ekstreme forbruket i samfunnet vårt, så eg brukar berre gjenbruksmaterialar i dyra, og rein ull som stopping.

Har du en håndlaget ting du er spesielt glad i? Hva er historien til denne tingen?
Eg har eit forkle som eg fekk av bestemor mi, ho sydde det då ho var ung. Eg trur ho laga det i handarbeidsundervisninga på skulen, det må ha vore på 1930-talet. Alt er handsydd, til og med knappehola. Det er heilt nydeleg og eit veldig fint arvestykke.

Hvilke store og små drømmer har du?
Eg har alltid eit par drømmar og høgtflygande planar på vent, og no er eg så heldig at eg har fått realisert ein av dei! Eg har nettopp opna ein liten nettbutikk som heter Lin & Papir der eg sel miljøvennlege hobbyartiklar, som metervare i økologisk bomull og papirvarer av resirkulert papir.

Det er utruleg spennande og veldig moro, eg har lært mykje rart eg ikkje kunne frå før om alt frå importreglar til css-koding. For å feire opninga gir eg alle eplaseljarar 10% rabatt ut månaden, bruk rabattkode epla10 og skriv inn namnet på butikken din i kommentarfeltet i kassa.

Velg ut tre ting fra butikken din og fortell hvorfor du liker dem så godt.
Hare – denne teikna eg før påske i fjor, eg kjente behov for påskepynt som ikkje involverte gule kyllingar… Eg syns den representerar veldig godt det eg prøver å gjøre; lage stiliserte dyrefigurar som på same tid har noko naturalistisk over seg.
Stegosaur – dette var eit av dei første dyra eg laga og den har vore veldig populær. Eg lagar den i mange fargar, og det er alltid moro å finne mønstra stoff som passar til ryggskjella.
Leikefrukt – eg likar godt å lage desse. Dei er jo tenkt som leiker, men fungerar også som nåleputer eller berre til pynt.

Hvilke tre butikker er dine favoritter på Epla, og hvorfor?
Det fins utrulig mange bra butikkar som også driv med gjenbruk og redesign, eg blir alltid glad for å sjå fine produkt der gamle materialar har fått nytt liv. Det er veldig vanskeleg å plukke ut nokon blant desse, men eg er nok spesielt svak for både STRAND og BraWo Design. Begge har eit heilt eige særpreg som kjenneteiknar det dei lagar. Grønn Såpe har gode produkt, eit reint (hi hi) og einsarta uttrykk, og ikkje minst ein klar miljøprofil. Det likar eg! Ein annan butikk eg har handla i er Berit's stauder. Forfriskande med ein varetype som skiller seg såpass mykje ut! Her får du uvanlege planter av god kvalitet for ein billig penge.

Hvilke råd vil du gi til andre som vil åpne butikk på Epla?
Finn eit utrykk som er unikt! Visst er det vanskeleg å finne noko som er ”berre ditt” blant mylderet av handlaga varer, men det er heller ikkje umogleg. Om ein brukar litt tid på å utvikle eit særpreg, trur eg ein vil ha mykje igjen for det seinare.


Bli bedre kjent med Elisa, les bloggen hennes for hand. Og husk å besøke nettbutikken hennes Lin & Papir der du kan kjøpe miljøvennlige hobbyartikler.