Om Ringdilla

Ein ring skal vere god å gå med for då blir den mykje bruka. Det kan vere litt vanskeleg å kjøpe ring uten å prøve fyrst, med tanke på størrelsen, så det er veldig viktig at du kjenner ringstørrelsen din. Er du i tvil, så anbefalar eg at du tek ein tur innom nærmaste gullsmedbutikk for å ta eit nøyaktig mål. Veldig mange av dei ringane eg lagar har breie ringband,og då må ein gjerne opp ein str, fordi breie ringar kjennest litt strammare på fingeren enn ein smal ring. Eg kan godt reservere ein ring for deg, medan du finn ut av ringstørrelsen din:)
Eg skal gjera mitt beste for å beskrive kvar enkelt ring så nøyaktig som råd, men er du i tvil om noko, så ta kontakt med meg før du evt. kjøper, så finn me ut av det. Det er like viktig for oss båe to at du blir førnøgd med kjøpet:)
Har du kjøpt ein ring eller eit anna smykke av meg som du ikkje er fornøgd med, eller du rett og slett angrar, kan du sende det tilbake til meg innan 14 dagar, i same stand som du mottok det. Eg gjer merksam på at eg ikkje tek i retur ringar som er endra på, eller forsøkt endra på størrelsen. Når eg har fått smykket i retur, så refunderar eg kjøpesummen. (Porto refunderast ikkje, og kjøpar er og ansvarleg for returporto)
Betaling skjer via PayPal eller privat oppgjør. Når betaling er mottatt, sender eg bestillinga som Norgespakke med sporing og forsikring. Fraktkostnad kr 100,-
Har du spørsmål så ta kontakt på epost,

b.aa.kilen@gmail.com