Ringdilla

Velkommen til Ringdilla.
Her vil du for det meste finne ringar, men av og til også litt andre smykker. Eg har ein liten og enkel, men veldig koseleg verkstad midt i vakraste Vest-Telemark. Med utsikt til både skogen, fjella og Telemarkskanalen frå vindauga, er naturen sammen med den rike folkekunsttradisjonen i området ei stor inspirasjonskjelde. Eg har studert folkekunst med hovudvekt på metallfag ved Høgskulen i Sørøst-Norge, avd. Rauland, og har ein mastergrad i tradisjonskunst.
Ringane mine blir laga frå botnen av, kun med tradisjonelle håndverktøy, og alle steg i prosessen blir gjort for hånd, frå start til siste finpuss. Materialet er sterlingsylv(925s) og fintsylv(999s), og av og til bittelitt gull. Kvar ring er stempla med 925, og mitt ansvarsmerke, BK. Smykkesteinane eg brukar, er oftast unike håndslipa naturstein frå rundt om i verden, eller det kan vere fargerike glassteinar, både nye og gamle. Ringane blir til rundt kvar enkelt stein, og det vil aldri bli to like. Målet mitt er å lage funksjonelle ringar i glade fargar, som sit på fingeren som ein liten gledesspredar i kvardagen:)
Veldig hyggeleg at du tek ein titt i butikken min. Finn du noko du likar, så finn du meir praktisk informasjon ved å lese "Om denne butikken", og i beskrivelsen til kvar enkelt gjenstand. Planen er å oppdatere med litt nytt kvar veke, så sjå gjerne innom av og til! Eg legg og ut litt bilder på instagram, så følg meg gjerne der. @ringdilla
Sylvringar - håndlaga i Telemark. Frå mine hender til dine:)

Produkter