MJAU - kjole i ullfilt, M

Kjole i ullfilt.
Storleik: 38-40.
Mål under armhola: 96 cm.
Midje: 85 cm.
Hofte: 100 cm.
Lengd frå skulder: 100 cm.

Kjolen er sydd i aubergine ullfilt med ein katt framme og to hjerte bak applikert i turkis ullbouclé.
Eit "band" slyngjer seg frå katten, går over i ordet "mjau" - før det slyngjer seg til to hjerte bak på kjolen.

Handhekla "blonde" i turkis babyull rundt nedekanten og rundt hals- og ermehol.

Kan vaskast på ullprogram i maskin eller du kan handvaske han.
Kan bestillast i andre storleikar/fargar og i
andre motiv.

Gå gjerne inn på facebooksida mi - Lappelina - for å sjå andre kjolar eg har laga!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 544974 | lagt til: 30.09.2012

kr 920,-

Flere produkter fra Lappelina