Lappelina

Velkomen til min vesle eplabutikk!
I eplabutikken min finn du litt av mykje!
Ideane er så mange at det er vanskeleg å halde seg til ein eller få kategoriar. Alt er eigendesigna og sydd av meg.

Eg lagar også produkt på bestilling. Kva med ei veske eller pung med bilete av dine kjære? Eller ein kjole med ditt yndlingsmotiv på?

Dei siste innlagde produkta vil alltid ligge først. Elles er produkta sortert i kategoriar.

Eg er med på ymse messer, mest på Vestlandet, men er m.a. fast på Kjerringtorget i Nesbyen
Du finn også nokre av produkta mine på rådhuset i Ulsteinvik.
Ein del av varene mine finn du på nokre galleri
- Utistu på Gikling, Sunndalen
- Galleri Bekkjarvik i Bekkjarvik
- Nilsbuda på Sæbø
- strandkantenkafé og handverksutsal
Du finn òg nokre av kjolane mine i den nyopna Sport1-butikken på Kvitfjell.

Eg sender alle varene mine som brev. Vanlegvis er varene i postkassa til kundane dagen etter at eg sende dei.

Gå gjerne inn på facebooksida mi - Lappelina, http://www.facebook.com/Lappelina - viss du vil sjå meir av det eg har laga.

Er det noko du har lyst å bestille, kan du ta kontakt på lappelina@gmail.com eller tlf 48 02 59 47.

Viss du ønsker privat oppgjer, send meg ein mail, og eg sender deg kontonummeret mitt.

Alle prisar er inkl. MVA.

Elin-Grethe Haddal (Lappelina)
mailadresse:lappelina@gmail.com
Adresse:
Haddalvegen 92
6064 Haddal

Org.nr. 984685203

Produkter