Om Sivers basar

Takk for at du titter innom!

Under finn du nyttig informasjon, men ikkje nøl med å ta kontakt dersom du lurer på noko!

IDÈ OG KONSEPT
I denne vesle nettbutikken skal du finne eit variert utval ting til deg sjølv eller nokon du er glad i. Alle produkt er designa og handlaga for Sivers basar. Stilen vil eg kalle retronostalgisk, og inspirasjon er henta frå glade barndomsminner. Handverk betyr at kvar ting er unik, og det kan difor vere små variasjonar i forhold til produktbilda. Dette gjeld særleg der det er brukt gjenbrukspapir med varierande mønster.

Dersom du ønsker å bestille eit større antal av eit produkt enn det som ligg ute i butikken, vil dette ofte la seg gjere. Send meg då gjerne ein forespørsel før du bestiller.

BETALING OG FRAKT
Alle varer blir sendt i løpet av neste virkedag etter mottatt betaling med mindre anna er spesifisert.

Du kan velge mellom å betale gjennom Paypal eller ved privat oppgjer. Om du krysser av for privat oppgjer vil eg sende deg ein e-post med betalingsinformasjon.

BYTTERETT
Hos Sivers basar er det eit mål at alle kundar skal få ei positiv handleoppleving. Om varen ikkje skulle falle i smak, kan du difor returnere den innan rimeleg tid og få kjøpesummen tilbake (fraktkostnader kan dessverre ikkje tilbakebetalast).

KJØP AV GÅVER
Dersom du kjøper ei gåve så pakker eg gjerne fint inn for deg! Eg kan også sende pakken direkte til mottakar i staden for til deg om du ønsker det. Send meg i så fall ei melding så avtaler vi nærare.