Om Linnerla

Eg har alltid likt å lage ting, og den siste tida har eg laga mykje ved symaskina.

Ideen til vognranglene mine kom då eg leitte etter ei vognrangle sjølv, og ikkje fann ei eg ville ha. Så då laga eg ei sjølv. Eg vil at vognrangla skal vere stimulerande for barnet i vogna, i tillegg til å vere til pynt. Tydelege auge i svart/kvitt fangar interessa til dei aller minste, klare fargar appellerer til dei som er nokre månadar eldre. Så blir det interessant å gripe og fikle, og litt raslelyd fengjer også. Alle desse punkta har eg fått med i vognranglene mine.

Prototypen, om eg kan kalle den det, har vore kjempepopulær hos dottera mi, som har hatt glede av dei tre uglene sine i eitt år. Ho har også gitt dei ein grundig kvalitetstest :)

Eg brukar både nye og gamle stoff til tinga eg lagar. Stoffa er av bomull, og er sjølvsagt vaska før bruk. Tinga er laga i ein røyk- og dyrefri heim.

Betaling:
I butikken min kan du betale med PayPal eller gjennom privat oppgjer. Velger du privat oppgjer betalar du med Vipps til 93004988. Eg sender vara når betalinga er mottatt. Har det gått ei veke utan at eg har mottatt betaling, legg eg tingen ut for salg igjen.

Er det noko, så ikkje nøl med å ta kontakt! :)