Om Godlin

Godlin syr sengetøy og handkle i 100% lin. Sengetøyet er sydd av solid lin, ein litt røffare type enn det som er vanleg i sentetøyet du får i butikken. Det gjer vi fordi vi likar strukturen, dei naturlege eigenskapane til linet som blir ekstra tydlege i denne kvaliteten og rett og slett fordi vi elskar å sove i det!
Handkleda er vevd i rutemønster, noko som gjev deg ein litt ekstra skrubb når du tørkar deg etter dusjen. Handkledet tørkar fort.
Vi har litt på lager, men syr også på bestilling. Treng du ein spesiell storleik eller vil ha ein annan fargekombinasjon på sengetøyet enn du ser her, så berre ta kontakt.