Om fabelblå

Velkommen til fabelblå!

Her vil du finne fargerike barneklede i ull eller bomull. Innimellom vil det også dukke opp andre produkt, som klede for vaksne eller vesker og pengepungar.

Stort sett brukar eg berre nye, ubrukte stoff i kleda eg syr, men dei er vaska og tromla for å fjerne overskotsfarge og kjemikaliar samt for å unngå krymping av ferdige plagg.
Eg har likevel stor sans for gjenbruk, og dersom nokre av produkta vert sydd av gjenbrukte tekstilar vil dette komme fram av produktbeskrivelsen.

Alle kleda syast i et røykfritt hus.

Betaling
Du kan betale med PayPal. Du kan betale med kort gjennom PayPal uten at du treng å opne PayPalkonto.

Levering
Som regel vert pakka sendt 1-2 virkedagar etter bestilling, dersom ikkje anna vert avtalt.

Angrefrist
Du har to vekers angrefrist, ubrukte plagg kan returnerast innan fristen. Du må sjølve betale returporto.