Om ANHo

Nettside: www.audgunn.no

KJØPSINFORMASJON

BETALING
Eg tilbyr PayPal som betalingsform. Dette er ein sikker måte å betale på ved netthandel, både for kjøpar og seljar. Det er lett og tilbakeføre for mykje betalt (t.d. porto) og du som kjøpar kan gjennom PayPal krevje få pengane tilbake om du ikkje får ei vare. Har du PayPal konto treng du ikkje gje opp bankkortinformasjon. Har du ikkje PayPal-konto gjev du opp bankinformasjon ved betaling som vanleg for netthandel.
Ynskjer du anna form for betaling må du ta kontakt via E-post på førehand så kan vi avtale det. Regelen er at det må vere registrert betaling før eg kan sende ei vare.

LEVERING
Varene blir posta seinast innan 3 dagar. Sendinga tek vanlegvis frå 1 til 3 dagar før du mottar den. På helgedagar og ved ferie kan det ta lenger tid. Du får alltid ein ordrebekrefting frå meg der eg opplyser om når pakken blir sendt.
Dersom eg er bortreist i lengre tid (ferie) skriver eg det på første sida i nettbutikken min.

PORTOKOSTNADER
Varene vert sendt som uregistrert A-brevpost utan sporing. Ynskjer du sporing eller ekstraordinær innpakning kan du gje beskjed om det i meldingsboksen. Det kan føre til auke i portokostnadane. Avvik i porto vert refundert om avviket er meir enn kr 10. Bur du i nærleiken og om pakken kan leverast/hentast på ein enkel måte utanom posten trekkjer i frå frakt gjennom PayPal.

INNPAKNING OG SENDING
Eg pakker varen fint og forsvarleg inn og på ein måte som gjev minst mogeleg frakt. Eg kan levere pakken som presang til anna adresse. Skriv då namn og adresse i meldingsboksen. Skriv også kva som skal stå på eit ev. presangkort.

BYTTERETT
Om du angrar på kjøpet ditt har du 14 dagars bytterett. Angrerettsskjema vert sendt til deg som vedlegg i ordrebekrefting frå meg pr e-post.
Dette må du fylle ut (din del av skjemaet) og legge det ved retur av varen. Varen må være ubrukt og i den stand som då du fikk den tilsendt. Du vil få refundert beløpet varen kosta når eg har motteke den returnerte varen. Portokostnadane vil ikkje bli refundert.
Ta gjerne kontakt på e-post om det er noko som er uklart slik at ein kan finne greie løysingar.

Meir informasjon om meg som tekstilkunstnar finn du på nettsida www.audgunn.no