EINHJØRNINGEN, II - kjole i ullfilt, 2 - 4 1/2 år

Kjole laga i lys grå ullfilt - med applikasjonar i cerise ullfilt .

Hekla med cerise babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.

Lengd : 56 cm.
Brystvidde: 66 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!

Viss du vil sjå andre kjolar eg lagar, sjå gjerne inn på FB-sida mi: https://www.facebook.com/Lappelina


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 759688 | lagt til: 28.12.2014

kr 380,-

Flere produkter fra Lappelina