LASTEBILEN - kjole i ullfilt, 6 - 9 år

Kjole laga i grå ullfilt - med applikasjonar i rosa ullfilt .
Eit "stjerneband" slyngjer seg frå hjertet til lastebilen og vidare til to hjerte bak på kjolen.
Hekla med rosa babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.
Lengd : 72cm.
Brystvidde: 75 cm.
Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.
Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!
Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.
Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 756068 | lagt til: 07.12.2014

kr 440,-

Flere produkter fra Lappelina