I GALLOPP, kjole i ullfilt 6 - 9 år

Kjole laga i marine ullfilt - med applikasjonar i turkis ullcrincle; framme slyngjer eit "stjerneband" seg frå hjertet til hesten og vidare til to hjerte på ryggsida.
Hekla med turkis babyullgarn på nedkanten og rundt ermehol og halsopninga.
Lengd : 71cm.
Brystvidde: 74 cm.
Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.
Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!
Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.
Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!
Gå gjerne inn på FB-sida mi, https://www.facebook.com/Lappelina, om du vil sjå andre kjolar eg har laga.


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 739283 | lagt til: 11.10.2014

kr 425,-

Flere produkter fra Lappelina