NØTTELITEN, kjole i ullfilt 1/2 - 2 år

Kjole laga i lys grå ullfilt - med applikasjonar i cerise ullfilt . Eit "stjerneband" slynger seg frå hjertet til ekornet.
Hekla med cerise babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.
Lengd : 40 cm.
Brystvidde: 58 cm.
Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.
Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!
Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.
Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!
Gå gjerne inn på facebooksida mi - Lappelina - for å sjå andre kjolar eg har laga!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 725962 | lagt til: 19.08.2014

kr 340,-

Flere produkter fra Lappelina