MUSIKANTEN / MUS I KANTEN, veske i lin og bomull.

Veska er laga i lin, med biser i bomull.
Hovedstoffet er av lys naturfarga lin og har trykk i svart av kattar, der kroppen minner om pianotangentar.
Rustfarga, bretta biser mellom hovedstoff og kantar
Kanten rundt er i svart lin. I sidene er det biser med svarte og gråkvite striper bomull.
Hankane er i svart lin med kantar i rustfarga bomull. Hankane er vatterte og sterke. Dei er så lange at veska kan berast i "i kryss"
Svarte naturfarga knappar pyntar hankane. Den eine førestiller eit flygel!
Glidelåslukking oppe.
Veska er vattert og fora.
Innvendig er der ei lomme.
På eine sida har veska overskrifta "Musikanten". På andre sida er det applikert ei lita mus nede i kanten. Der er teksta"Mus i kanten." Med andre ord: VESKE I KAMP MOT SÆRSKRIVING!

Høgd : 36 cm
Breidd (oppe): 26 cm
Botnen: 20 cm x 5 cm
Lengd på hankar: 96 cm


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 695279 | lagt til: 10.03.2014

kr 420,-

Flere produkter fra Lappelina