JANUARTILBOD, før 410,-: TAUS REV - kjole i ullfilt, 5 - 8 år

Kjole laga i lys grå ullfilt - med applikasjonar i cerise ullfilt.
Eit stjerneband slynger seg frå hjertet til rådyret og vidare til to hjerte på baksida.
Hekla med lys grå babyullgarn på nedkanten og cerise rundt hals- og ermehol..
Lengd : 68cm.
Brystvidde: 67 cm.
Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.
Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!
Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.
Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!
Gå gjerne inn på FB-sida mi, https://www.facebook.com/Lappelina, om du vil sjå andre kjolar eg har laga.


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 674324 | lagt til: 10.12.2013

kr 310,-

Flere produkter fra Lappelina