BAMBI - kjole i ullfilt, 1 - 3 år

Kjole laga i rosa ullfilt - med applikasjonar i gråullfilt .

Hekla med grått babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.

Lengd : 46cm.
Brystvidde: 60 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 670830 | lagt til: 29.11.2013

kr 350,-

Flere produkter fra Lappelina