HÆ ? - kjole i ullfilt, 5 - 8 år

Skal tru kva han seier, reven ......?

Kjole laga i grå ullfilt - med applikasjonar i rosa ullfilt. Ein rosa knapp med eit lite revehovud er "prikken" i spørjeteiknet. .

Hekla med grått babyullgarn på nedkanten og rosa rundt hals og ermehol.

Lengd : 68cm.
Brystvidde: 72 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 663151 | lagt til: 09.11.2013

kr 410,-

Flere produkter fra Lappelina