SJIRAFFEN - kjole i ullfilt, 6 - 9 år

Kjole laga i marine ullfilt - med applikasjonar i turkis ullkrinkle. .

Eit "stjerneband" slyngjer seg frå hjertet til sjiraffen. Bak på kjolen er det applikert ein mindre sjiraff.

Hekla med marine babyullgarn på nedkanten og turkis rundt hals og ermehol.

Lengd : 70cm.
Brystvidde: 69 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!
Gå gjerne inn på FB-sida mi, https://www.facebook.com/Lappelina, om du vil sjå andre kjolar eg har laga.


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 660667 | lagt til: 03.11.2013

kr 430,-

Flere produkter fra Lappelina