TAUS REV - kjole i ullfilt, 6 - 9 år

Kjole laga i svart ullfilt - med applikasjonar i cerise ullfilt .

Eit "stjerneband" slyngjer seg frå hjertet til reven og vidare til to hjerte bak på kjolen.

Hekla med svart babyullgarn på nedkanten og cerise rundt hals og ermehol.

Lengd : 70cm.
Brystvidde: 70 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 658100 | lagt til: 26.10.2013

kr 430,-

Flere produkter fra Lappelina