KJOLE MED SKYER OG HJERTER, str L

Denne kjolen er sydd av ulike syntetiske stoff.
Bryststykket og ryggstykket er sydd av eit kvitt vintage stretchstoff, med blåe skyer og hjarteforma rosa dråpar. Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein kvit vintage kjole med blåe små prikkar.
Skjørtedelen er sydd av eit coboltblått stoff, frå S&S.

Halskant er kanta med rosa ribb. På skjørtedelen er det applikert på bokstavane "L O V E" , og det er òg applikert på eit rosa hjarte på framsida av kjolen. På baksida er det applikert på eit lite hjarte nede på venstre side.

Kjolen er fin å bruka heile året.

Og det er garantert ingen som har same kjole, då eg aldri syr to like kjolar:)

Str. L (ca 42/44)

Mønster: mitt eige

Vask 40 grader


Kategorier:
Kjoler og skjørtKjoler

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 623100 | lagt til: 06.06.2013

kr 849,-

Flere produkter fra RandiSign