"BIRDS & FLOWERS TOGETHER"-kjole, str L

Dette er ein herleg og morsom kjole i skarpe fargar. kombinasjonen oransje og lilla er berre heilt fantastisk, syns eg:)

Bryst- og ryggstykket er sydd av eit lyst turkis jerseystoff med søte fuglar som sit på greiner med blomar på, frå S&S.
Ermene og ryggstykket er sydd av gjenbruksstoff frå ein ny lilla kjole, kjøpt med tanke på redesign:)
Skjørtedelen er sydd av oransje courtelle (litt tjukt stretch stoff, som fell fint) frå S&S.

Kjolen har fått to blomar applikert på høgre framside.

Halskanten er kanta med eit sølvgrått syntetisk "strikkestoff" , frå S&S.

Mønster: mitt eige

Str. L (ca 42/44)

Vask 40 grader


Kategorier:
Kjoler og skjørtKjoler

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 620411 | lagt til: 24.05.2013

kr 849,-

Flere produkter fra RandiSign