BLOMAR II- kjole i ullfilt, 18 mnd - 4 år

Kjole laga i lysgrå ullfilt - med applikasjonar i offwhite, rosa og lime ullfilt .

Hekla med lime babyullgarn på nedkanten og offwhite babyullgarn rundt hals og ermehol.

Lengd : 50cm.
Brystvidde: 62 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!

Like kjolar til to systre? I eplabutikken finn du ein lik kjole i storleik 4 - 7 år.

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 591111 | lagt til: 10.02.2013

kr 370,-

Flere produkter fra Lappelina