LOKOMOTIVET - ullfiltvest 3-5 år.

Vest laga i grå ullfilt med applikasjonar i svart ullfilt :
Eit liten lokomotiv er applikert framme på brystet og eit stort bak på ryggen.
Vesten har v-hals.
Kantar hekla i fastmaskar i svart babyull.
Lengd: 38 cm.
Brystvidde: 67 cm.

Vesten er fin over ei penskjorte, men er også svært kjekk å ha over ein tynn gensar/t-skjorte når poden absolutt skal kaste jakka - "for det er no så varmt ute, at!"
Vesten er svært fin til dongeri, og!

Vesten kan vaskast på ullprogram - rettsida inn - eller du kan handvaske han.

Ta gjerne kontakt om du har lyst på ein vest i ein annan storleik/farge eller med andre motiv! (Det tredje biletet viser tre grå vestar med ulike motiv).


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 590367 | lagt til: 08.02.2013

kr 270,-

Flere produkter fra Lappelina