BAMBI - kjole i ullfilt, 4 - 7 år

Kjole laga i grå ullfilt - med applikasjonar i rosa ullfilt .

Hekla med rosa babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.

Lengd : 61 cm.
Brystvidde: 66 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 570602 | lagt til: 02.12.2012

kr 380,-

Flere produkter fra Lappelina