I GALLOPP - ullfiltkjole, 6-10år

Kjole laga i grå ullfilt - med applikasjonar i rosa ullfilt . Frå hjertet framme slyngjer eit "stjerneband" seg til ein hest og derifrå til to hjerte på baksida av kjolen.

Hekla med rosa babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.

Lengd : 74 cm.
Brystvidde: 73 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 545001 | lagt til: 30.09.2012

kr 420,-

Flere produkter fra Lappelina