KJOLE I LILLA OG GRØNE TONAR, str L (42/44)

Denne kjolen er sydd av ulike stoff. Bryststykket er sydd av lilla og grønmønstar viskosejersey, frå Jofotex. Ryggstykket er gjenbruksmateriale frå eit nydeleg syntetisk vintage skjørt i lilla og grønt. Ermene er sydd av eplegrønt ribbstoff og lyserosa blondestoff, begge stoffa frå S&S.

Skjørtedelen er sydd av eit syntetisk stretch stoff med svart og kvitt sikksakk mønster, frå S&S. Stoffet er litt gjennomsiktig i sterkt lys, så det er å anbefala at eit brukar eit underskjørt eller ein underkjole under kjolen:)

Det er applikert på to runde applikasjonar på framsida av skjørtedelen (har brukt same stoffet som i ryggstykket)

Halskanten er kanta med same ribbstoff som i ermene.

Kjolen er unik, då det berre finns ein av denne kjolen:) Slik er det med alle mine kjolar, kun ein av kvar.

Str. L (42/44)

Vask 40 grader

Mønster: mitt eige


Kategorier:
Kjoler og skjørtKjoler

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 538321 | lagt til: 13.09.2012

kr 825,-

Flere produkter fra RandiSign