MJUK OG HERLEG KJOLE I GRÅTT OG ORANSJE, str. L (42/44)

Denne kjolen er sydd av mjuke herlege stoff. Bryststykket er sydd av oransje stretch chenille med burgunderfarga prikkar, frå MG-tyger.
Ryggstykket og skjørtedelen er sydd av gråmelert isoli (collegestoff), frå S&S.
Ermene er sydd av burgunderfarga sportstretchstoff, frå S&S.
Ermekantar og halskant er kanta med grøn ribb, frå S&S.

Kjolen har fått ein rund applikasjon på framsida av skjørtedelen. Det er òg sydd på ein blomeapplikasjon på ryggstykket.
På skjørtekanten er det sydd på ei grøn kroklisse som går i bølger rundt heile kanten.

Kjolen har 3/4 lange ermer, og er fin å bruka framover hausten og vinteren.

str. L (42/44)
Lengde: ca 95 cm

Vask 40 grader

Mønster: mitt eige


Kategorier:
Kjoler og skjørtKjoler

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 532808 | lagt til: 30.08.2012

kr 825,-

Flere produkter fra RandiSign