KUL KJOLE MED BLOMAR OG STJERNER, str L

Dette er ein gla'kjole, som er fin no når det går mot vår og sommar:)

Bryststykket er sydd av eit nydeleg lilla "crimpelin"-stoff, som har hatt eit liv tidlegare som maxiskjørt, på 70-talet.
Ryggstykket er knall oransje stretch chenille med aubergine-farga prikkar.
Ermene er halvlange, og er sydd av eit lys grått jerseystoff med lysegrøne stjerner.

Skjørtedelen er sydd av eit grønt "crimpelin"-aktig vintagestoff med kvite striper, kjøpt på Fretex.
Ermekantar og halskant er kanta med rosa polyesterribb, frå S&S.

Skjørtedelen har fått ei stjerne med ein lilla knapp sydd på i midten.

Dette er kjolen for deg som elskar klare sterke fargar:)

Vask: 40 grader

Str. L (42/44)
Lengde: 98 cm
(kjolen kan sjølvsagt gjerast kortare,om ein ynskjer det)

Mønster: mitt eige


Kategorier:
Kjoler og skjørtKjoler

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 499189 | lagt til: 03.05.2012

kr 790,-

Flere produkter fra RandiSign