"GLITTER OG STAS"-redesignkjole, str L

Denne kjolen er ein redesignkjole, då den er sydd av ulike gjenbruksmateriale.
Bryststykket er stoff frå ein nydeleg raud vintagekjole, kjøpt på Fretex. Ryggstykket er sydd av stoff frå ein ny glinsande kjole (eit slags polyesterliknande stretchstoff)
Ermene er sydd av stoff frå ein svart glitrande topp med stretch, kjøpt på Fretex.
Skjørtedelen er sydd av eit fantastisk flott syntetisk stoff frå ein fotsid turkis vintagekjole, òg kjøpt på Fretex.

Kjolen har fått ein glidelås sydd fast på bryststykket,funksjonen er kun til pynt;)

Halskanten er kanta med svart ribb, frå S&S.
Ermekantane er kanta med same stoff som i bryststykket.
Kjolen har fått ein rund applikasjon på framsida.
Halvlange ermer.

Dette er ein kjole som kan gjera ein grå og kjedeleg dag til ein fest:) Eller den kan brukast til ein annan festleg anledning.
Kjolen er unik, ingen andre som har denne kjolen!

Str. L (42/44)
Lengde: målt frå skulder 95 cm
Vask 30 grader (finvask)

Mønster: mitt eige


Kategorier:
Kjoler og skjørtKjoler

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 491043 | lagt til: 09.04.2012

kr 775,-

Flere produkter fra RandiSign