HEST ER BEST - ullfiltkjole, 8-12 år

Kjole laga i auberginefarga ullfilt - med turkis motiv og maskinbroderi.
"Tauet" frå hjertet til hesten slyngjer seg vidare til baksida av kjolen - der det endar i to hjerte.
Hekla med turkis babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.

Lengd : 86 cm.
Brystvidde: 72 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som born likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt han på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller handvask.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!
Gå gjerne inn på facebooksida mi - Lappelina - for å sjå andre kjolar eg har laga!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 441687 | lagt til: 05.02.2012

kr 450,-

Flere produkter fra Lappelina