FRYD - kjole i ullfilt 18mnd.- 4 år

Kjole laga i rosa ullfilt - med applikasjonar i ullfilt og vanleg ullstoff.
Ordet "fryd" er maskinbrodert på baksida - som ein del av "flygesporet" frå fivreldet på framsida til sommarfuglen på skuldra bak..
Hekla med lime babyullgarn på nedkanten og rosa babyullgarn rundt hals og ermehol.

Lengd :50 cm.
Brystvidde: 62 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt han på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 441600 | lagt til: 05.02.2012

kr 390,-

Flere produkter fra Lappelina