SVART KATT - kjole i ullfilt 4-7 år

Kjole laga i raud ullfilt - med applikasjonar i svart ullfilt.

Hekla med svart babyullgarn på nedkanten og rundt hals- og ermehol.

Lengd : 60 cm.
Brystvidde: 64 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!
Gå gjerne inn på facebooksida mi - Lappelina - for å sjå andre kjolar eg har laga!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 427951 | lagt til: 22.01.2012

kr 370,-

Flere produkter fra Lappelina