SOMMARFUGLDANS - ullfiltkjole 4-8 år

Kjole laga i rosa ullfilt - med sommarfuglar applikert i ulike lilla og limefargar.
Det er sydd lilla og lime knappar på kvart følehorn
Ein sommarfugl er og applikert bak på eine skuldra ..
Hekla med lime babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.

Lengd : 62 cm.
Brystvidde: 64 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt han på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!

Gå gjerne inn på facebooksida mi - Lappelina - for å sjå andre kjolar eg har laga!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 425377 | lagt til: 19.01.2012

kr 400,-

Flere produkter fra Lappelina