GRÅEN - ullfiltkjole, 7-10 år

Kjole laga i lysrosa ullfilt - med gråmelert motiv og maskinbroderi.
Hekla med gråmelert babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.

Lengd : 78 cm.
Brystvidde: 72 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som born likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt han på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller handvask.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!
Gå gjerne inn på facebooksida mi - Lappelina - for å sjå andre kjolar eg har laga!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 408383 | lagt til: 02.01.2012

kr 400,-

Flere produkter fra Lappelina