MJAU - kjole i ullfilt, 4-8 år

Kjole laga i aubergine (raudlilla) ullfilt - med applikasjonar i turkis ullfilt .
Ein katt er applikert på brystet. "Halsbandet" går over i ordet "mjau" - som går over i bandet som slyngjer seg til baksida av kjolen, der to hjerte heng fast.
Hekla med turkis babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.

Lengd : 63 cm.
Brystvidde: 66 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt kjolen på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 380487 | lagt til: 01.12.2011

kr 400,-

Flere produkter fra Lappelina