VESLELAMMET - ullfiltkjole 18 mnd - 4 år

Kjole laga i lysrosa ullfilt - med offwhite motiv og maskinbroderi.
Hekla med offwhite babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.

Lengd : 50 cm.
Brystvidde: 62 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som born likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt han på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller handvask.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 369656 | lagt til: 23.11.2011

kr 340,-

Flere produkter fra Lappelina