I GALLOPP - kjole i ullfilt, 4 - 8 år

Kjole laga i dus blå ullfilt - med applikasjonar i mørkare blå i ullfilt .

Hekla med mørk blå babyullgarn på nedkanten og rundt hals og ermehol.

Lengd : 63 cm.
Brystvidde: 69 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt han på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvaske han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 329404 | lagt til: 16.10.2011

kr 380,-

Flere produkter fra Lappelina