GLEDE - kjole i ullfilt, 4-7 år

Kjole laga i cerise ullfilt - med applikasjonar i ullfilt og vanleg ullstoff.
Ordet glede er maskinbrodert på baksida - som ein del av "flygesporet" frå fivreldet på framsida til sommarfuglen på skuldra bak..
Hekla med lime babyullgarn på nedkanten og cerise garn rundt hals og ermehol.

Lengd : 65 cm.
Brystvidde: 68 cm.

Denne kjolen kan brukast lenge; han er like fin når han rekk under kneet som over. Til slutt kan han vere tunika.

Dette er eit stoff som barn likar å gå i. Eg har ofte sett at når dei først har prøvt han på seg, nektar dei å ta han av!

Kjolen kan vaskast på ullprogram (innsida ut) i maskin eller du kan handvase han.

Om du ønsker ein kjole i andre fargar, motiv eller storleik, send gjerne ein mail!


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 319970 | lagt til: 06.10.2011

kr 420,-

Flere produkter fra Lappelina