DONGERIKJOLE med prikkete bil, str M/L

Dette er ein festleg kjole til ein grå og tung haustvêrsdag:) Kjolen er sydd av ulikt materiale. Eg har brukt eit litt tjukt vintage dongeri-liknande stoff, kjøpt på Fretex. Det kjennes nesten litt ullaktig ut, på baksida av stoffet, så denne kjolen passar nok best om hausten og vinteren. Rosa bærestykke av stretch chenille, frå Stof2000. Ermene er sydd av mønstrete viskosejersey, frå MG-tyger. og nedre kant av ermene er sydd av eit slags blondestoff, frå S&S.

Rosa kant av stretch chenille nederst på kjolen. Det er 2 innsnitt bak på ryggstykket, og nokre innsnitt på framstykket, for å få fin passform.
Svart ribb i halskant, frå Jofotex.

Har applikert på ein svart bil med rosa prikkar, nede på høgre framside av kjolen.

Str. M/L ca str 40 (bystemål bør ikkje vera meir enn max 104 cm, sidan det ikkje er noko stretch i dongeristoffet)

Lengde på kjolen: 92 cm

Vask: 40 grader


Kategorier:
Kjoler og skjørtKjoler

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 291960 | lagt til: 07.09.2011

kr 675,-

Flere produkter fra RandiSign