VoV Smykker

VoV Smykker

I butikken "VoV Smykker" finn du unike sølvsmykker som er laga for hand av Turid Vikøren. Sidan dei er handlaga, er kvart smykke heilt unikt. Du kan også vera med på den kreative delen med å velja ulike dekorelement på smykka.

"VoV" står for "Ven og Varig": Smykket skal gjera deg ven og få deg til å "skina litt ekstra".
Det er også viktig at dei er varige: dei er laga av edelt metall og kan vølast (reparerast) om dei blir øydelagde - eller dei kan redesignast dersom du ynskjer noko nytt.

Alle smykkene er laga av 925 Sterling sølv, ofte med enkelte dekorelement av andre metall (til dømes kopar) og ulike steinar og Swarovski krystallar. Smykka blir laga med utgangspunkt i sølvplater, - tråd eller -røyr. Det er ein lang prosess frå start til smykket er klart for bruk: saging, filing, forming, lodding, boring, pussing, polering, eventuelt overflatebehandling og montering av stein. Oksydering av sølvet gjer at smykket endrar heilt karakter og får ei mørk overflate.

Sidan eg er oppteken av verdiar som er varige, jobbar eg også med redesign av gamle smykker eller sølvtøy. Sistnemnde er oftast laga av 830 sølv.

Produkter