Flaskegrønn stegosaur av gjenbruksull

Denne mørkegrønne stegosauren er sydd av gamle ullplagg som er vaska og tova i maskin. Den er fylt med ull, og detaljane på ryggskjella er av eit bomullsputetrekk frå 70-talet. Ansiktet er brodert med bomullsgarn.

Det er vanskeleg å gjengi denne fargen korrekt på bilder, det ein nydeleg, djup flaskegrøn farge. Buken på dinosauren er lysegrøn.

Dinosauren er omlag 27 cm frå snute til haletipp, og 18 cm høg. Den kan vaskast forsiktig for hand med ullvaskemiddel.

All ullfilt som er brukt i Blåbærleikene er laga av brukte ullplagg som er vaska og tova i maskin. I hovudsak er plagga av 100% ull, i enkelte tilfelle kan det vere opp mot 20% syntetiske fiber i dei. Til fyllmateriale brukar eg norsk haustull frå sunne sauehald. Ulla er vaska og karda, men pelsallergikarar bør vere merksame på at dei kan reagere.

NB: Dinosauren som er til sals er ikkje identisk med den på bildet, men det er akkurat dei same stoffa som er brukt så den vil vere bortimot heilt lik. Men det kan forekomme små forskjellar i plassering av mønster.


Kategorier:
Leker og HobbyKosedyr

Antall: 0 | Håndlaget

ID: 90482 | lagt til: 19.10.2010

kr 250,-

Flere produkter fra Ulldyr