Fuglebrett med hus

Fuglehus/matstasjon laga av rufsete rekved frå Sunnhordlandsbassenget.

Høgde ca.36cm.
Lengde og breidde 9cm.
Lengde og breidde på planken er om lag 27 x 10 cm.
Taket er ca 12x12 cm på kvar side av huset.

På plata står ein spiker du kan tre brødskalkar på, så fer ikkje skjorene med maten så lett.

Dette er eit fuglehus for dei som likar det rustikke. Veden er henta i nabostranda mi Hystadvikjo og han er prega av å ha lugge ei tid i sjøen, han har eit grønaktig skjer i seg.

Taket er laga av eit gammalt rusta oljefat. Klippekantane er bretta inn med tong så godt det let seg gjera.

Dette huset er ein prototype som eg sel billig, då dekoren og taket ikkje vart heilt optimale - sjå bilete.

Søkeord: Gjenbruk, redesign, rekved, repurpose, rustikk, fuglebrett, fuglehus, shabby, hage,


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 763691 | lagt til: 18.01.2015

kr 100,-

Flere produkter fra Frøken Oma