Stettfat av Figgjo og Stavangerflint

Dekorativt og praktisk stettfat av gamal sundags-asjett frå Figgjo og tefat frå Stavangerflint. Begge fata er naturkvite med gulldekor.

Fata er i grei, men ikkje perfekt stand; heile, men litt prega av alder og bruk. Det er pittelitt krakelering i glasuren på det nedste fatet, og gulldekoren på begge fata er litt sliten. Likevel er stettfatet som heilhet veldig dekorativt.

Sjølve stetten er i sølvfarga metall som du skrur saman med fata imellom.

Når ein borar i slike gamle fat er det lett for at litt glasur kan falla av. Som de ser på bileta har det skjedd kring hólet til stetten på det nedste fatet. Dette viser ikkje når stetten og metallpakningen som følgjer med er montert. Elles er begge fata heilt heile utan sprekker eller skår.

Stettfatet bør helst vaskast for hand.

Søkeord: Gjenbruk, redesign, julegave, gave til venninne, shabby chic, elegant, stettefat, stilrent, dekor, interiør, servering, kakefat, Figgjo, Stavangerflint, flint


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 760260 | lagt til: 01.01.2015

kr 140,-

Flere produkter fra Frøken Oma