Høne med egg - Tverrstripa Plymouth Rock
Dei karakteristiske stripene har gjort denne varianten av den amerikanske hønserasen Plymouth Rock svært populære. Dei legg masser av lysebrune egg, og er ein god kjøttrase også.
Denne høna er del av ein liten hønseflokk i tweedstoffer eg har sydd etter inspirasjon frå hønene som bur i hagen vår. Ho er laga av eit skjørt i ulltweed. Kammen er ullfilt frå ein tova ullgenser. Ho har med seg eit egg sydd av tova gjenbruksull, og både høna og egget er fylte med rein, ny ull. Høna er omlag 17 cm høg.
Høna har eit hemmeleg hulrom i buken der ho har plass til egget slik at ho kan sitte og ruge på det. Ho ruger også gjerne på frokostegget ditt om du treng å halde det varmt etter koking! Ho tåler å leikast med, eller ho kan stå på stas til påske.
Søkeord: ullhøne, ulldyr, lekedyr, kosedyr