Valdresvotter

Votten er strikka av kvitt ullgarn og prydd med saum på handbaken. Fargene i saumen er som regel raudt, gult og grønt eller blått.
Saumen er utført i kontursting,kjedesting og kryssesting.
Det er frynsekant rundt kragen og ned langs båe sidene,laga av kvitt ullgarn. I dag blir han halden saman av maskinstikning, og han er også sydd til votten med maskin, bretta dobbelt og pressa i form.
"Sleke frynso laga dei jedne på eit tvoroskaft, o sydde dei på vøttaden mæ heimespønne lingåden" fortel Marit Fosheim i Valdres Bygdebok.
Det er fortalt at votten var svært populær i mellomkrigstida, truleg kom han for alvor i produksjon frå omkring 1930.


Antall: 0 | Håndlaget

ID: 248411 | lagt til: 27.06.2011

kr 750,-

Flere produkter fra MarBeHusflid