Leikemat av ullfilt - blåbærmuffins
Kjenner du nokon som likar å leike kjøkken? Får du stadig servert usynleg mat og drikke av dine søte små? Då vil kanskje Blåbær sin leikemat av ullfilt slå an!
To blåbærmuffins sydd av resirkulert ullfilt - gamle ullplagg vaska og tova i maskin. Kakene er fylt med karda, vaska ull og er brodert med perler. dei er sydd delvis på maskin og delvis for hand. Alle delar er festa så sikkert som mogleg, men det er likevel ein liten risiko for at noko kan løsne. Difor anbefalar me ikkje desse leikene til born under tre år.
Muffinsa er omlag 7 cm høge. Dei kan vaskast forsiktig for hand med ullvaskemiddel.