Høne med egg - kvit wyandotte
Wyandotte er ein stor, rolig hønserase med runde, fine former. Dei er flinke verparar og legg nydelige, lyse egg med store plommer.
Denne høna er del av ein liten hønseflokk i tweedstoffer eg har sydd etter inspirasjon frå hønene som bur i hagen vår. Ho er laga av eit kremfarga ullstoff, eit ubrukt stykke eg fann på ein loppemarknad. Kammen er ullfilt frå ein tova ullgenser. Ho har med seg eit egg sydd av eit gjenbruksstoff i bomull, og både høna og egget er fylte med rein, ny ull. Høna er omlag 17 cm høg.
Høna har eit hemmeleg hulrom i buken der ho har plass til egget slik at ho kan sitte og ruge på det. Ho ruger også gjerne på frokostegget ditt om du treng å halde det varmt etter koking! Ho tåler å leikast med, eller ho kan stå på stas til påske.